Go back


MANNBJØNNEN: Ei dyrehistorie utan sidestykke
Av Bernt Gudrunson Bøe

Talentet utvikla seg vidare. Ein tingdag i Rindalen ville futens folk sjå kva han dugte til – ryktet om ein uvanleg stødig skyttar hadde spreidd seg. - Skyt etter verhanen i kyrkjespiret! peika dei. Tølløv la seg på låvegolvet og sikta mot blinken 400 alen unna. Det small, og den granne teinen under verhanen gjekk tvert av. Hanen datt ned - og vart plassert inne i kyrkja til stas!

Bonden på Fiskja sat med sylen og bøtte hestgreiet. Tølløv kom framom og vart beden om å vise kva han dugde til. – Ja, herredon! sa han (eit uttrykk han ofte bruka), - ofrar du sylskaftet, så skal eg skyte! Fiskjas-bonden sette sylen – med ein fin messingholk på skaftet – bort i linhusveggen. Tølløv skaut vekk skaftet så berre holken stod att!

Ein gong kom Tølløv forbi same garden medan dei heldt eksis der. Soldatane skaut på 200 meters hald, men kapteinen kjefta fordi dei trefte så dårleg. Han utfordra Tølløv, som motvillig sendte tre skot mot skiva. Resultatet viste eitt kulehol. Altså to bom? Tølløv bad dei sjekke innslaget bak skiva. Der låg alle tre kulene i lag; dei hadde gått gjennom same holet. Kapteinen vart så imponert at han gav Tølløv 3 sølvdalar i premie.

Som jeger var han også utruleg nidkjær, uthaldande og tøff. Ein gong kraup han inn i bjønnahiet med talglys framme på børsepipa. Bjørnen geispa og strekte seg. Tølløv helsa: - Det e brukeleg når to gamle venna treffest, at dem skjenkje kvarander. Så vil ikkje du skjenkje meg, så får vel eg skjenkje deg! sa han - og skaut bjørnen.

Innafor Liagarden låg han i to døgn og venta på ei gaupe i ein stein-urd – forgjeves. På Storlifjellet skaut han to bjørnar seint ein haustkveld. Det vart så mørkt at han ikkje kunne gå vidare. Men Tølløv flådde eine sida av kvar bjørn, bretta dei to halve skinna rundt seg – og sovna.
- Herredon, eg he alder sove be’r!   sa han om dette.

I Kløftseter-marka i Vindøldalen kom han i slåsskamp med ein skamskoten hobjørn og fekk ikkje lada så han kunne skyte igjen. Dei kjempa på liv og død. Tølløv gleid og datt, men lell klarte han å støyte børsepipa ned i bjørnegapet med slik kraft at dyret seig ihop.

Også utan børse klarte han det utrulege. På Nonshaugen ved Fiskja-setra i Folldalen sette han krokfot for ein bjørn, så dyret datt utfor berget og endte sine dagar.

Somme meinte Skyttar-Tølløv kunne fara for stygt åt. Han vart endatil skulda for å ha utrydda elgen i Folldalen, der han eitt år gjorde stort innhogg i bestanden ved å skyte 18 elgar, som delvis hadde gått seg fast i skaresnøen.

Frå anna hald hører vi at han var meir human enn andre jegerar. Ein bededag forfølgde han og ein dei seinare kalla Blod-Hallvard ei elgku. Til slutt var dyret utmatta, seig ned og såg med bedande augo på jegerane. Tølløv vart rørt: - Herredon, eg skyt ikkje nei! Men Hallvard viste ingen nåde, skaut elgkua – sjøl om det var bededag. Han fekk tilnamnet sitt etter dette.

Personen Skyttar-Tølløv

Tølløv Folldal vart i 1740-åra gift med Ingeborg Mikkelsdotter Kirkholt frå Rindalen. Dei kjøpte ein part av Vålås- garden (Vederskaret) i 1752, men budde etter kvart ymse stader – m.a. på Tjønnholten i Romundstadbygda. Sønnen deira, Ola, er kjend som Kårøy-Skyttaren. Ein kløvsal etter Tølløv, med namnet hans brodert i bekatråd, fanst i si tid i Nestua på Helgetun.

Korleis såg han ut, denne legendariske jaktmannen? Gjertrud Bjørnås hugsa dei bød-sendte Tølløv til Bjørnås-setra fordi det var så mykje bjønn som tok krøtter der. Ho var lita jente og var med bestemor si på setra. Da Tølløv kom, vart ho redd og gjømte seg bak stakken til bestemora: – Han var svart i augo og hadde ei fillut stribrok på seg, der han kom inn gjennom døra med børsa på aksla. (Tølløv overnatta i fjøset, fekk rømmegraut – og skaut 2 bjønnar neste dag!)


© Bernt Gudrunson Bøe. Historien er skrevet i Årbok for Kristiansund og Nordmøre Turistforening 2015

s7

side 1     side 2     side 3     side 4     side 5     side 6     side 7     side 8     side 9     side 10